Ledige stillinger

KODE er en unik kombinasjon av kunstmuseer og kunstnerhjem. Museet har 7 anlegg og et driftsbudsjett på rundt 120 millioner, 67 fast ansatte og mer enn 200 000 besøkende per år. Museet arrangerer årlig 5-7 utstillinger og 400 konserter. KODE er et av landets største museer for visuell kunst, design og musikk og har store ambisjoner for sin samfunnsrolle.

Ledig stilling: Prosjektleiar Nikolai Astrup forskingssenter, KODE

PROSJEKTLEIAR 100%

Varigheit: 1. juli 2019 –1. april 2019 (9 mnd.)

I samband med fødselspermisjon søker Nikolai Astrup forskingssenter prosjektleiar i 100% vikariat. Stillinga inneber eit overordna og administrativt ansvar for senteret, i samband med senterets budsjett og aktivitetsplan. Prosjektleiar har hovudansvar for vidare utvikling av registrerings- og publiseringsverktøyet til catalogue raisonné (CR), samt innhaldsoverføring og tekstproduksjon til enkelte databasar i CR. Oppgåvene inneber òg oppfølging av pågåande arkivarbeid (dokumentasjon, digitalisering, transkribering, etc), med tilrettelegging for nettpublisering. Astrupsenteret fører ei utovervend verksemd i form av kommunikasjon, råd og deling av fagspesifikke ressursar – i samarbeid med andre institusjonar. Senteret er forventa å føre ein kommunikativ profil på ulike mediale plattformar i samband med internasjonalisering av Astrups kunstnarskap. Utstillingsarbeid må medreknast.

Prosjektleiar rapporterer til Direktør for samling og utstilling ved KODE og senterets styringsgruppe.

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning i relevante fag
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk og norsk
  • Gode IT-kunnskapar
  • Erfaring med utstillingsarbeid og registrering i samlingsdatabasar er ein fordel

Eigenskapar:

  • Ansvarleg
  • Sjølvstendig og effektiv
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til systematisk arbeid

Arbeidsstad: KODE. Lønn etter tariff. Nødvendig opplæring vil bli gitt. Spørsmål om stillinga kan rettast til fagansvarleg for Nikolai Astrup forskingssenter, Tove Haugsbø, tlf. 95811712.

Søknad sendast til HR@kodebergen.no

Søknadsfrist: 22. mai 2019

  • KODE fører offentlig søkerliste. Dersom du ønsker å reservere deg fra offentlig søkerliste, må dette begrunnes. Opplysninger kan bli offentliggjort, selv om du har bedt om ikke å bli oppført. Du vil bli varslet dersom ønsket om reservasjon ikke tas til følge.