I nær fire tiår har Rita Marhaug vore ein aktiv kunstnar i Bergen og Noreg. Det er innan grafikk og performancekunst ho har si fordjuping. På desse felta har ho også eit internasjonalt nettverk.
Kjøp billettI verkstaden hennar vil de få sjå verk frå ulike sider av produksjonen hennar. De vil også få demonstrert korleis ho førebur og trykkjer grafikkplater i ein djuptrykkprosess.
Kode har fleire av arbeida til Marhaug i samlinga si.
Marhaug har undervist i mange år (2001-13) ved det som i dag er Fakultet for kunst, musikk og design, UiB. I dag er ho freelancekunstnar og styreleiar for Foreningen Trykkeriet, produksjons- og kompetansesenter for grafisk kunst.
Praktisk informasjon:
Pris:
– Ordinær voksen: kr 175
– Kode-medlem: gratis
– Barn: gratis
Oppmøte: Stenersen
Tid: kl. 13-15
Begrenset antall plasser: husk å reservere plass.
Billetten gir tilgang til alle Kode-museene hele dagen.