Hopp til innholdet

Møt kunstnerne

Intervju: Huskomponist Benedicte Maurseth

En kvinne med langt brunt hår står ved et vann, og skuer utover

Skrevet av: Anette Basso

Benedicte Maurseth. Foto: Agnete Brun

Hvordan ser 2026 ut for årets huskomponist?

Gjennom 2026 skal vi bli bedre kjent med hardingfelespiller, komponist og forfatter Benedicte Maurseth og musikken hennes.

Vi starter med et e-post-intervju!

Maurseth (f. 1983) er fra Eidfjord i Hardanger og vekker både lokal begeistring og internasjonal oppmerksomhet med musikken sin.

Bergens Tidende mente fjorårets album «Mirra» var det beste som var gitt ut fra Vestlandet i 2025, og på Kode gleder oss vi til et helt år sammen med Maurseth.

Her kan du få et lite innblikk i planene framover, og tankene hennes omkring «brådiktning» – hva er det og hva kan det bety i året som huskomponist?

Godt nytt år! Hvordan ser utsiktene til 2026 ut, der du står nå, og hva slags år har du lagt bak deg?

Året som gjekk har vore særs travelt med komponering, prøver og fleire framføringar av eit større verk kalla «Elja», samkomponert med Kristine Tjøgersen for Kronos Quartet (USA), der eg også medverka som utøvar på hardingfele. Det vart i den samanheng fleire, lengre utanlands-turar til Canada og USA, med uroppføring i Carnegie Hall i New York.

I tillegg var det ein del turnering i Norge og elles i Europa med andre samarbeidsprosjekt, samt fleire studioinnspelingar, og komponering med meir.

I andre halvdel av 2025 vart albumet Mirra lansert på Hubro Records, eit verk tileigna villreinen i mine heimtrakter ved Hardangervidda i Hardanger, skapt i samarbeid med medspelarane Håkon Stene, Mats Eilertsen og Morten Qvenild.

Albumet har fått ei eventyrleg mottaking både i Noreg og internasjonalt, og me enda året med ein heilt spesielt fin turné i Australia, der me mellom anna spelte i vakre Sydney Opera House.

I året som ventar er det meir konsertar med verket Mirra kring Vestlandet, men fyrst og fremst blir det fokus på å skapa ny musikk for ulike prosjekt og konsertar, mellom anna for samtidsmusikkfestivalen Borealis, og ikkje minst som huskomponist for Kode.

I tillegg håpar eg å få koma i gang med eit sakprosaprosjekt eg har planlangt i mange år, men det spørst, når eg ser kva eg skriv her...

Hva var din første tanke da du ble spurt om å være årets huskomponist for Kode? Hvorfor takket du ja?

At det var særs uventa. Så ærefullt. Så urovekkande. Men eg takka ja inspirert av motet og openheita til Pippi Langstrømpe. For eg har jo aldri vore huskomponist før – så det må eg jo då prøva? Sjølv om eg (alltid) er uroleg for om eg greier å skapa noko verkeleg bra, som gjev noko attende til andre.

Eg synest det uansett er viktig å seia ja til alle slike sjansar ein måtte få som folkemusikar.

Det at folkemusikken, og ikkje minst andre formar for komposisjonsprosessar, der eg til dømes i hovudsak arbeider munnleg og ikkje med tradisjonelt partitur, blir inkludert og medrekna nå av ulike arenaer og institusjonar, også Kode, er ikkje sjølvsagt når ein ser attende på musikkhistoria.

Difor er det viktig for meg å ikkje lata noko personleg redsle styra vala eg gjer, men musikken sjølv og den store rikdomen den inneheld.

I folkemusikktradisjonen gjev musikken i seg sjølv store rom for nettopp improvisasjon. Det ligg ikkje for alle å utforska det, men for nokon, som for meg, er det ikkje til å unngå.

Benedicte Maurseth

Kan du fortelle litt om hva du legger i begrepet «brådiktning»? Hvordan jobber du med dette i virket ditt?

Det er eit omgrep bruka i folkemusikktradisjonen for improvisasjon. Andre nemningar er også «villspel» eller «variasjon» med meir.

I folkemusikktradisjonen gjev musikken i seg sjølv store rom for nettopp improvisasjon. Det ligg ikkje for alle å utforska det, men for nokon, som for meg, er det ikkje til å unngå.

Når nokon brådiktar innan folkemusikken, er det gjerne eit lengre verk, altså ein fullenda slått, med alle sine folkemusikalske kjenneteikn, medan «villspel» ser ut til å ha vore meir likt det som me gjerne kallar fri improvisasjon innan andre sjangrar i dag, gjerne utan fast form og rytmikk, men likevel med utgangspunkt i folkemusikkens språk og estetikk.

Det er lite skriftlege kjelder kring dette, og er noko som har blitt overført munnleg. Det handlar i praksis om å skapa noko der og då. Enten basert på noko som finst frå før, eller frå grunnen. Noko som kjem brått både for ein sjølv og for dei som lydar på.

Det er krevjande å få til, og krev eit musikalsk mot og ein stor uro som utøvar. I folkemusikken var «Myllarguten» særleg kjend for dette. Eg er viss på at fiolinisten Ole Bull var akkurat lik.

-

Ole Bull, ca. 1862. Foto: Georg E. Hansen / Bergen Offentlige bibliotek.

Huskomponisten lager hvert år et bestillingsverk for Kode. Kan du røpe noen tanker om hvordan du vil gjøre dette? Noen tema eller tilnærminger?

Det gjennomgåande temaet blir brådikting i ulik grad, men hovudverket mitt for Kode blir siste del i det som då utgjer eit triptykon, eller ein trilogi, om ein vil. Der Hárr kom i 2022, og den alt nemnde Mirra i 2025.

I desse verka er det økosofien som er kompasset, og verka heidrar naturmangfald, raudlista artar og fjellfolk knytt til Hardangervidda der eg er oppvaksen.

I den tredje og siste delen vil eg forlate fjella der eg høyrer til, og utforska Hardangerfjorden og alt som veks og lever der i staden. Ein fjord under høgt press, til liks med villreinen.

Til slutt: For de som er nysgjerrige på å lytte til musikken din, eller kanskje bli kjent med virket ditt som formidler og forfatter, hvor anbefaler du at de starter?

Mirra og Hárr er nok gode utgangspunkt. Men om dei vil høyra meg heilt åleine, så solodebuterte eg med albumet Alde i 2010, med berre eigne solo komposisjonar for hardingfele og viola d’ amore.

Av det eg har skrive er nok boka Å vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre (2014) ei god innføring i korleis eg er vorte den utøvaren eg er i dag, der ein blir særleg kjend med min læremeister Knut Hamre sine pedagogiske metodar, hans eigne meistrar, og der me samtalar om universelle tema som musikk som medisin, om å vera i teneste for ein tradisjon, sceneangst, formidling med meir.

Tematikken kan overførast til alle kunstfag, og truleg mange andre delar av livet også.

-

Benedicte Maurseth. Foto: Elisabeth Emmerhoff

Se også